Huldrekyr

ø;

ø;

Vetlandsk Fjordfe har følgt menneskja sidan vikingtida og har eit unikt genmateriale. Men i dag er dei ikkje produktive nok, og difor står dei i fare for å bli utrydda. Samtidig veks borna våre opp i ei verd der dei fleste lærer om dyr gjennom ulike media som teiknefilm, dataspel og bøker. Ofte er dyra framstilte som fantasidyr med menneskelege eigenskapar, og dette er vel og bra nok så lenge som borna får lære om korleis dyra er i verkelegheita også. Eg har hatt mange gode opplevingar med barn og dyr, og har sett at kontakten med dyra lærer borna til å ha respekt og omsorg for det som lever. Borna kan også finne glede og trøyst gjennom vennskap med dyr. Og så er det er faktisk ein vesentleg forskjell på å stryke eit dyr over hovudet i verkelegheita og å dra ein finger over eit bilde av dyr på nettbrettet. Difor synes eg at alle born bør få lov til å bli kjend med eit verkeleg dyr i løpet av oppveksten sin!  Dette er tankar eg har fått gjennom arbeidet med artistboka mi….

1 thoughts on “Huldrekyr

  1. Eg er heilt einig med deg, Synnøve. Sjølv om da minkar på gardsdrift rundt oss, så er det enno så mange att at ungar som veks opp i dag bør få lov til å bli kjent med «ekte» dyr.

    Likar

Kommenter innlegget