0

Kunstens uransakelege vegar

image

Om det er kunsten eller kulden som har ført meg hit, veit eg ikkje. Men sidan eg både ynskjer meg kunnskap om måling og sol og varme, reiste eg like godt til Vence i Frankrike for å gå på målekurs i villaen til Henri Matisse. Dette er kjempespennande og så får vi sjå om eg får heteslag eller lærer nye teknikkar i teikning og måling. Vence er ikkje langt frå Antibes så kanskje kan eg utforske meir om Picasso også medan eg er her.

1

Ei artistbok blir til

Eg hadde sett bilder av Geir Hjetland si ku på Sanden i Naustdal, men eg trudde ikkje eg kom til å like ei ku av metall. Der tok eg skammeleg feil, for kua var kjempekul!  Den blide framtoninga til kua, dimensjonane og plasseringa i nærleiken av budeia til Kjartan Slettemark, gjorde valet mitt enkelt – eg ville lage ei artistbok om kyr. Men korleis skulle eg lage boka? Eg har ein god del bilder av Vestlandsk Fjordfe som eg kunne bruke i boka, og så fekk eg ein idè om å bruke silefilt til å lime bilda på. Før i tida vart mjølka sila etter mjølking og silefilten vart lagt i botnen av silen. Men her ser du silefilt på nye oppdrag, nemleg å formidle historia til ei fjordfeku:

Bilder på silefilt

Bilder på silefilt

1

Huldrekyr

ø;

ø;

Vetlandsk Fjordfe har følgt menneskja sidan vikingtida og har eit unikt genmateriale. Men i dag er dei ikkje produktive nok, og difor står dei i fare for å bli utrydda. Samtidig veks borna våre opp i ei verd der dei fleste lærer om dyr gjennom ulike media som teiknefilm, dataspel og bøker. Ofte er dyra framstilte som fantasidyr med menneskelege eigenskapar, og dette er vel og bra nok så lenge som borna får lære om korleis dyra er i verkelegheita også. Eg har hatt mange gode opplevingar med barn og dyr, og har sett at kontakten med dyra lærer borna til å ha respekt og omsorg for det som lever. Borna kan også finne glede og trøyst gjennom vennskap med dyr. Og så er det er faktisk ein vesentleg forskjell på å stryke eit dyr over hovudet i verkelegheita og å dra ein finger over eit bilde av dyr på nettbrettet. Difor synes eg at alle born bør få lov til å bli kjend med eit verkeleg dyr i løpet av oppveksten sin!  Dette er tankar eg har fått gjennom arbeidet med artistboka mi….

0

Mi artistbook

gress

Kyra til Geir Hjetland inspirerte meg til å lage ei artistbook om den utrydningstrua storferasen Vestlandsk Fjordfe. Her kan du sjå den digitale utprøvinga av artistboka som eg laga i Book Creator på Ipad: Huldrekyrbok

0

Å gå inn for landing blant kyr og budeier

"Kyra" laga av Geir Hjetland, inspirert av Oddvar Torsheim sitt måleri "Nedkomst" frå 1972

«Kyra» laga av Geir Hjetland, inspirert av Oddvar Torsheim sitt måleri «Nedkomst» frå 1972

Etter djupdykket i skulpturverda, har eg fått eit heilt anna syn på skulpturar og statuer. Tidlegare har eg ikkje hatt sansen for statuer, kanskje fordi eg synes dei ser kunstige og livlause ut slik dei er laga i harde og fargelause materialer. Det er har oppdaga no, er at slik treng skulpturar slett ikkje vere, dei kan til og med ha fargar! Ta skulpturane til Sean Henry for eksempel, dei ser verkeleg livaktige ut og skal symbolisere menneskja som lever i vår samtid. Skulpturen «walking woman» står i Ekebergparken i Oslo, og kanskje bør dette bli eit reisemål til sommaren!  Dette viser også kor flott det er med skulpturar i naturen, det kan faktisk vere slik at naturen og skulpturen forsterkar uttrykket til kvarandre!  Så inspirert av skulpturar vart eg, at eg tok turen til Sanden i Naustdal der eg fann kua på bildet ovanfor.

2

Sean Henry

The way it will be (2014). Bronse og oljemåling.

The way it will be (2014). Bronse og oljemåling.

Sean Henry er ein britisk bilethoggar som modellerar bronseskulpturane sin i leire før han støyper og målar dei. Heilt frå antikken var det vanleg å måle skulpturar, men tidens tann har ført til at dette er gått i gløymeboka. Arbeidet til Sean Henry har ført til at den gamle tradisjonen med måla skulpturar er vekt til liv igjen, og sidan eg sjølv likar fargar, håpar eg at dette er noko vi vil sjå meir av. Eg likar også måten overflata på skulpturane er utforma på, ja eigentleg synes eg at dette er heilt fantastisk! Sean Henry lagar menneska sine større eller mindre enn dei er i verkelegheita.  Er dei overdimensjonerte, skal vi betrakte dei som noko som er større enn oss sjølve, er dei mindre skal vi sjå på dei som eit barn. Det Sean Henry er oppteken av, er det indre livet til mennesket. Eg legg til eit video her, og den må de berre sjå!

«Historically, and certainly from early history up to the Renaissance, nearly all sculpture was painted … in the modern age, and with the volume of mass media and images that surround us, to me it seems quite natural to use colour» (Sean Henry). 

0

Ambrosia Tønnesen

Camilla Collett, statue i marmor av Ambrosia Tønnesen

Camilla Collett, statue i marmor av Ambrosia Tønnesen

Ambrosia Theodora Tønnesen (1859-1948) var fødd i Ålesund og rekna som den fyrste kvinnelege skulptøren i Norge som kunne leve av kunsten sin. Som ung kvinne viste Ambrosia eit uvanleg pågangsmot. Ho ville fyrst bli målar, og i 1884 stilte ho ut to måleri og eit portrettrelieff i leire i Bergens Kunstforening. For dette fekk ho svært positiv omtale, noko som førte til at ho reiste ut i verda. Ho studerte i København under den norske skulptøren Stephan Sinding og han inspirerte henne til å konsentrere seg om bilethogging.  Ambrosia studerte vidare i Berlin og Frankrike, der ho vart buande i 23 år. Ho flytta attende til Norge i 1910 og då busette ho seg i Fana. Mange av arbeida til Ambrosia Tønnesen er utstilte i Bergen, men også i Ålesund og andre norske og utanlandske byar. Likevel fekk ikkje Ambrosia Tønnesen ein framtredande plass blant samtida sine bilethoggarar. Som mange andre kom ho i skuggen av Gustav Vigeland og på den tid vart ikkje kvinner anerkjent på same måte som menn. Du kan lese meir om Ambrosia Tønnesen her:

0

Per Ung

Mor og barn 1993, bronse 250 cm. Statue av Per Ung i Ekebergparken, Oslo

Mor og barn 1993, bronse 250 cm. Statue av Per Ung i Ekebergparken, Oslo

Bilethoggaren Per Ung (1933-2013) var ein av dei aller fremste norske kunstnarane i nyare tid. Han vart tidleg knytt opp til kunstnarar som tok avstand frå modernismen og meinte sjølv at denne kunsttilen var ueigna til å gje form til dei menneskelege kjenslene slik han sjølv ønskte. Dette førte til at Per Ung vart uglesett i det etablerte kunstmiljøet. Per Ung var ein del av den siste generasjonen fekk utdanninga si under den kjende bilethoggaren Per Palle Storm på Statens Kunstakademi i Oslo. For Per Ung sto mennesket i sentrum, og du kan lese meir om kunsten hans her.

0

Kunst som inspirerer meg

Inngunn Dahlin

«Denne våren skal vi arbeide med skulptur på kunst- og handverksstudiet. Tema for oppgåva vår er «Kunst som inspirerer meg». Vi skal finne ein eller fleire skulpturar frå ein profesjonell kunstnar, og desse skulpturane skal til slutt inspirere oss til å lage ei artistbook. Eg veit ikkje så mykje om skulpturar frå før, men no forstår eg at ein skulptur er meir enn store sementmenn som stirer ut i lufta med tomme blikk! Dette blir spennande!

Eg er litt akterutseil pga av eit datahavari, men no kjem skulpturar på løpande band: Fyrste dame ut er Inngunn Dahlin for eg er veldig fasinert av skulpturane hennar. Eg likar fargane og den ruglete overflata, og at skulpturane hennar er i bevegelse. Inngunn Dahlin er utdanna på Statens Håndverk og Kunstindustrihøyskole i Oslo og Statens lærerskole i forming. Ho har utstillingar over heile landet, og produkta hennar er mellom anna til sals på Kunstmuseet i Førde. Du kan lese meir om Inngunn Dahlin her